Ein veg til indre kraft – gjennom rørsle frå aust og ville urter frå vest

Naturkraft Yoga er meir enn berre yoga – det er ei kjærleg blanding av pust, bevegelse og vill urteglede. Her får du ro som kan pustast, energi som kan merkast, og naturmagi som kan plukkast langs stien. Ei mjuk, varm og jordnær reise for deg som vil kjenne deg litt meir levande – kvar einaste dag.

Bli med på Naturkraft Yoga og urtekurs – kurs, helger og workshopar, fysisk eller digitalt

Utforsk yoga, pust, flyt og ville urter – finn ro, energi og nærvær, enten du deltek i studio eller heime. Praktiske kurs, heilskaplege helger og workshopar som gir deg verktøy for kropp og sinn.

Bli inspirert av dei kommande arrangementa hos Naturkraft Yoga 2026

La 2026 bli året der du landar djupare, pustar rolegare og kjenner krafta frå både kroppen og naturen rundt deg. Naturkraft Yoga byr på yogahelger, urtevandringar, onlinekurs og små magiske møteplassar som løfter, jordar og gir ny energi.

Her finn du arrangement som gir varme, livsglede og naturleg inspirasjon – heilt i tråd med rytmen til hjartet og årstidene.

Naturkraft-Yoga Podkast:

Velkomen til Naturkraft Yoga Podkast – eit rom for ro, refleksjon og inspirasjon. Her snakkar eg om yoga, pust, urter og alternativ helse, og delar erfaringar og praktiske tips for å styrke kropp, sinn og sjel.

Podkasten tar deg med på ei reise gjennom indre kraft, naturmedisin og kvardagsmagi. Nokre episodar har eg gjester – menneske med spennande erfaringar innan yoga, urtemedisin og heilskapleg helse – medan andre episodar er reine refleksjonar og guidar du kan bruke heime.

Hovudmålet er å gi deg påfyll, inspirasjon og konkrete verktøy for å finne meir ro, balanse og nærvær i kvardagen. Her er det plass til spørsmål, undring og utforsking av alt frå enkle urteblandingar til heilskaplege yoga-praksisar.

Følg podkasten der du lyttar til podkastar og bli med på ei reise med naturkraft, pust og indre styrke.

https://open.spotify.com/show/52Sbr6wREf8pn9T721dTjg?si=U_KgwuGTRfelefOn3XA9cA

Yoga på Brygga :

kommer mars 2026

Ukentlege timar ute ved fjorden – når veret speler på lag (og litt skvett tåler vi jo). Her flyt vi saman i naturens eige rom, mellom fjord, fjell, skog og sjø.Vi pustar inn frisk luft, lar blikket kvile på horisonten og kjenner kroppen lande i noko som er ekte, levande og heilt vårt.

La oss puste inn naturen – på ordentleg.

Yogahelg med urtevandring – ei reise i natur, pust og nærvær

Vår -2026

Når naturen er yogastudioet ditt: ro, læring og livskraft i kvar pust og steg.

Naturkraft Online Yoga – Din veg til heilskapleg yogautdanning

Kommer….

Naturkraft Online Yogautdanning – praktiser og lær i ditt eige tempo. Oppdag korleis yoga, pust, flyt og urter kan styrkje kropp og sinn, og la nærvær og indre kraft bli ein del av kvardagen din.