Online kurs

KvinneKrafta- The calm reset– Gratis mini kurs:

-3-dagars mini-praksis: Korte og effektive økter som varer i 6 minutt kvar dag. -Enkle rørsler som mjukar opp kroppen og hjelper deg å kjenne på ro og balanse. -Pust i bakken: Ein liten pause for å stoppe opp og kjenne etter korleis du har det. -Gjenoppdag kroppen din: Ein praksis som hjelper deg med å koble deg på kroppen og finne tilbake til deg sjølv. -Gratis minikurs: Ei gave frå meg til deg, der vi saman skapar rom for ro, rørsle og påfyll. -Styrk deg sjølv: Ein praksis som minner deg på at du er verdifull akkurat som du er. Velkomen til Kvinnekraft: La oss saman finne tilbake til balansen, styrken og energien som bur i deg. Bli med på denne praksisen for å finne ro og ny energi i hverdagen

https://yogamedrachel.impact.me/courses/the-calm-reset

Stressfri Flyt – Gjenoppdag din indre kraft

I dette kurset får du moglegheit til å gjenoppdage din indre kraft og kreativitet. Gjennom yoga, pust og meditasjon skaper vi rom for ro og styrke, slik at du kan leve eit liv fylt med meining og glede.

Du vil lære å:

  • Frigjere blokkeringar i kroppen og sinnet
  • Skape ei stressfri flyt i kvardagen
  • Styrke kontakten med din indre visdom og intuisjon
  • Bruke kreativiteten som verktøy for personleg vekst og manifestasjon
  • Knytte saman kropp, pust og sinn for å oppnå indre balanse og harmoni

Dette kurset er for deg som ønskjer å styrke kvinnekrafta di og leve eit liv der du er tru mot deg sjølv og dine eigne ønskjer.

Kurset inkluderer:

  1. Hjerteflyt
  2. Balanseflyt
  3. Energiflyt
  4. Soldans
  5. Hormonell harmoni
    Ekstra: Harmoni flyt

Kjenner du deg fast i livet fordi du manglar ro? Er du usikker på om kroppen din er klar, eller har du aldri prøvd yoga før? Eg forstår – eg har vore der sjølv.

Den Stressfrie Flyten er ein enkel, steg-for-steg metode som hjelper deg å sleppe stress, finne balanse og kjenne deg meir tilkopla, uansett erfaring. Du treng ikkje vere perfekt – berre byrje der du er. Sammen byggjer vi ein praksis som fungerer for deg, slik at du kan finne flyten og bringe balansen tilbake i livet ditt.

https://yogamedrachel.impact.me/courses/stress-fri-flyt

Dragedans – ro og balanse for kropp og sinn

Dragedansflyt er ei kraftfull praksis for både kvinner og menn, som styrker helse og velvære. Dei rytmiske, flytande bevegelsane fremjar sirkulasjon, fleksibilitet og reduserer spenningar. Dragedansen hjelper òg til med å balansere hormon og lindra stress ved å aktivere kroppens avspenningsrespons.

Praksisen er lett å lære, kan tilpassast alle nivå og krev ikkje noko spesielt utstyr. Perfekt for deg som ønskjer meir ro, energi og overskot i kvardagen.

Kurset inkluderer:

  • 6 mini-videoar med steg-for-steg forklaring av kvar sekvens i dragedansen
  • Éi full dragedans-praksis som viser heile flyten

https://yogamedrachel.impact.me/courses/dragedansenvarmende-styrkende-flyt

Hjerteflyt – Gratis 45 min praksis

Flyt roleg med kroppen og pusten i ei mjuk Hatha-praksis. Denne timen gir rom for nærvær, ro og opplading av energi.

Trykk her for å bli med